Konfirmasjonsfotografering gjer me før eller i etterkant konfirmasjonsdagen, alt etter kva som passar dykk best. Sjølv med utsette konfirmasjonar kan jo fotograferinga vere grei å ha unnagjort!
Studioet mitt er ute i det fri. Eg kan komme til ein stad de har tilknytning til, om ikkje har eg fleire fine forslag.
Fotograferinga tek rundt ein time.
Pris for fotografering er 1500,-, (faktura i etterkant).
Det fylgjer ingen digitale filer eller produkter med i denne prisen.
De får tilgong til bileta i eit personleg online-galleri per e-post. Her velger de ut favorittar til bestilling av dei produkta de måtte ynskje.
De får også tilsendt forslag på album, dette kan de vidare vere med å forme sjølv, eller takke nei til.
De bestiller produkt av dei bileta de ynskjer. Dette er kvalitetsprodukt frå dei beste print-labane i landet, og utlandet. Eg tek med nokre demoprodukt på fotograferinga, du kan lese om fleire under Produkter i menyen.
Det fylgjer med web-filer av bileta de kjøper produkter av, kjekke til mobilgalleriet og store nok til å bestille takkekort/julekort av.
Me finn tid til fotograferinga i førekant, eller i etterkant, av konfirmasjonsdagen. Sjølve dagen har de meir enn nok anna å tenke på. Datoen din vert difor ikkje oppteken, så uansett kva tid du tek kontakt skal me nok ordne tid. Når det er sagt er det greit å gje ein lyd så snart du veit du ynskjer fotografering for best mogleg planlegging.
Det er heilt opp til dykk, men erfaring tilseier at ungdommen som regel klarar seg heilt fint utan foreldre under fotograferinga ; )
Har de særskilde ynskjer er det berre å gje beskjed på førehand.
Om de ynskjer fotografering i både finstasen og kvardagsklede er det ingen problem.
Gje ein lyd om det på førehand så me kan legge det inn i tida.