Ein kan alltid finne ein grunn til at det ikkje passar med fotografering akkurat no. Me ventar til han kan gå sjølv, eller har slutta med bleie, skal berre klippe alle først, ho må berre få av reguleringa.. Og brått så har ungane flytta ut (det er fortsatt ikkje for seint å ta familiebilene, forresten).
Tida går så fort, og alle aldrar har si sjarm. Og årstider. Det passar alltid.
Visste du at det styrkar born si sjølvkjensle å sjå seg sjølv på veggen i heimen?
Studioet mitt er stort sett ute i det fri. Eg kan komme til ein stad de har tilknytning til, om ikkje har eg fleire fine forslag.
Fotograferinga tek rundt ein time.
Pris for fotografering er 1500,-, (faktura i etterkant).
Det fylgjer ingen digitale filer eller produkt med i denne prisen.
De får tilgong til bileta i eit personleg online-galleri per e-post. Her velger de ut favorittar til bestilling av dei produkta de måtte ynskje.
De får også tilsendt forslag på album, dette kan de vidare vera med å forme sjølv, eller takke nei til.
De bestiller framkallingar av dei bileta de ynskjer. Dette er kvalitetsprodukt frå dei beste print-labane i landet, og utlandet. Eg tek med nokre demoprodukt på fotograferinga, du kan lese om fleire under Produkt i menyen. Der finn det også prisar på digitale filer.