Denne dagen kjem ikkje igjen, ikkje så mange liknande heller. Familie, vener, alle du er glad i samla på ein plass for å feire kjærleiken dykkar. Det er veldig fint og kunne sjå tilbake på heile historia om bryllupet i ettertid, aller helst i eit nydeleg album.
Opp til 10 timar fotografering: frå frisør til fest
Kjærastfotografering i førekant
Planleggingsmøter etter behov
Nedlastbart slideshow
Biletfiler til nedlasting i personleg biletgalleri
35000,-
Opp til 5 timar fotografering
Døme: frisør + vigsle + portrett
Planleggingsmøter etter behov
Nedlastbart slideshow
Biletfiler til nedlasting i personleg biletgalleri
25000,-
Opp til 3 timar fotografering
Ynskja lokasjon før/etter vigsle
Planleggingsmøter etter behov
Nedlastbart slideshow
Biletfiler til nedlasting i personleg biletgalleri
19000,-
"Eg treng fotograf, kva gjer eg?"
"Kjærastfotgrafering - kva er det?"
"Korleis fotograferer du bryllupet? Vimsar du rundt oss heile tida, liksom?"
"Kva tid betalar me?"
"Kva om kamera ditt vert øydelagt på dagen?"
"Kva tid får me bileta våre?"
"Kor mange bilete får me?"
"Leverer du album?"
"Men det er så kleint å bli fotografert!"
Sjå gjennom bileta mine og finn ut om du likar det du ser. Gjer du det er det berre å kontakte meg gjennom kontaktskjemaet. Til meir informasjon du gjer meg om dato, stad og type fotografering, til betre kan eg svare deg..
Ein har gjerne nokre selfiar av seg og kjærasten, eller eit stilig bilete frå ein fest, eller kanskje det blir mest bilete av ungane om dei er komne...? Det er veldig fint å ha varme, gode bilete av seg sjølv med partnaren også utan all stasen som er på bryllupsdagen. Ikkje minst er dei kjekke å ha til invitasjonar, gjestebok eller i ein biletpresentasjon på veggen i bryllupslokale. Eg har faktisk vore i bryllup der eit av bileta frå kjærastfotograferinga vart brukt som SVÆR back drop bak brudeparet under middagen. Veldig stilig!
Heilt usynleg klarar eg ikkje vera, men eg har fotografert omtrent 50 brudepar og har god erfaring med kvar eg skal være til ei kvar tid for å fange dei viktige augneblinkane.
Eg ynskjer at de skal sitte igjen med bilete som viser spenninga, gleda, og kjærleiken frå dagen dykkar. Bileta blir ei dokumentarisk reise gjennom dagen, samt dei klassiske bryllupsportretta. Eg er rundt dykk og fotograferer det som skjer, og tek styringa under portrettfotografering når de lurer på korleis de skal stå og kvar de skal sjå. Eg anser meg sjølv som ganske hyggelig og omgjengeleg, også skeptiske, fotosky gjester brukar å smile til meg etterkvart ;)
Kort tid etter du booker datoen, sender eg dykk kontrakt samt første delbetaling på 30% av totalt beløp. Herifrå er det "bindende påmelding". Dette beløpet er ikkje refunderbart, og er dykkar forsikring på at datoen er sett av til dykk når andre spør om same dato.
Det vert sendt faktura på resterande beløp eit par veker før bryllupsdagen.
I bryllup bærer eg alltid to kamera. Det er praktisk, men den eigentlege grunnen er at det eine er back up for det andre om noko skulle skje eitt av kamera.
Det same gjeld minnebrikke, eg køyrer dobbel minnebrikke i begge kamera slik at om ein minnebrikke skulle feile, ligg same bileta på den andre brikka i kamera.
Eg har lagt mykje pengar i forsikre dykk at bileta kjem trygt fram.
Alt anna ville vore svært uprofesjonelt, så spør gjerne om dette om de forhøyrer dykk vidare til andre bryllupsfotografer.
Du får biletfilene dine i eit privat biletgalleri innan 6 veker etter bryllupet (ferieveker i juli vert ikkje telt med).
Frå galleriet kan du laste dei ned, og dei er klare til framkallinger eller delinger på sosiale media. Du kan også bestille kvalitetsprodukt som store print og eksklusive album gjennom meg.
Frå ei heildagsfotografering vil de som regel få 400-500 biletfiler.
Halvdagsfotografering: 300-400 filer.
Vigsle + portrett: omlag 100-200 filer.
Ja! Og dei er rålekre! Eg leverer kvalitetsalbum i fleire typar, storleikar og fargar frå fotolab/fagtrykkeri for profesjonelle fotografer. Dei kan ingen måte samanliknast med album kvarmansen kan bestilla på nett.
Du kan også bestille print i ulike utformingar og i alle storleikar, og innramming gjennom meg.
Å være bryllupsfotograf er ikkje for alle, først og fremst må ein ha god humor.. Neida. Men kommunikasjonen er viktig! Derfor blir me også kjent gjennom planleggingsmøter og gjerne ei kjærastfotografering. Sistnemnde har senka mange stive skuldrer: fotograferinga er jo noko å gle seg til, ikkje grue seg til!
Eg er oppteken av å få fram gleda de har for kvarandre, og at de gløymer litt at eg er der.