Eit fotografi på veggen, eller eit album på bordet, er ikkje noko du skrotar etter 10 år, slik du gjer med kommoden eller sofaen din.
Bileta er for livet ut, og for dei som kjem etter.
Studioet mitt er stort sett ute i det fri. Eg kan komme til ein stad de har tilknytning til, om ikkje har eg fleire fine forslag.
Fotograferinga tek rundt ein time.
Pris for fotografering er 1500,-, (faktura i etterkant).
Det fylgjer ingen digitale filer eller produkt med i denne prisen.
De får tilgong til bileta i eit personleg online-galleri per e-post. Her velger de ut favorittar til bestilling av dei produkta de måtte ynskje.
De får også tilsendt forslag på album, dette kan de vidare vera med å forme sjølv, eller takke nei til.
De bestiller produkt av dei bileta de ynskjer. Dette er kvalitetsprodukt frå dei beste print-labane i landet, og utlandet. Dette er print som er meint å vare i generasjonar. Eg tek med nokre demoprodukt på fotograferinga, du kan lese om fleire under Produkt i menyen.
Det fylgjer med web-filer av bileta de kjøper produkter av, kjekke til mobilgalleriet og store nok til å bestille takkekort/julekort av.