Malin & Kristoffer - heil dag:


Turid & Ole Arnfinn - halv dag:

Ta vare på dagen

Denne dagen kjem ikkje igjen, ikkje så mange liknande heller. Familie, vener, alle du er glad i samla på ein plass for å feire kjærleiken dykkar. Det er veldig fint og kunne sjå tilbake på heile historia om bryllupet i ettertid, aller helst i eit nydeleg album.


Prisar 2021 og 2022:

Heil dag

10 timar fotografering: frå frisør til fest
Kjærastfotografering
Planleggingsmøter etter behov
Nettbasert slideshow
Biletfiler til nedlasting i personleg biletgalleri

22000,-

Halv dag

Opp til 6 timar fotografering
Døme: frisør + vigsle + portrett
Planleggingsmøter etter behov
Nettbasert slideshow
Biletfiler til nedlasting i personleg biletgalleri

18000,-

Vigsle og portrett

Opp til 3 timar fotografering
Ynskja lokasjon før/etter vigsle
Planleggingsmøter etter behov
Nettbasert slideshow
Biletfiler til nedlasting i personleg biletgalleri

14000,-

Du sit kanskje og lurar på...

"Eg treng fotograf, kva gjer eg?"

Sjå gjennom bileta mine og finn ut om du likar det du ser. Gjer du det er det berre å kontakte meg gjennom kontaktskjemaet. Til meir informasjon du gjer meg om dato, stad og type fotografering, til betre kan eg svare deg..

"Kjærastfotgrafering - kva er det?"

Ein har gjerne nokre selfiar av seg og kjærasten, eller eit stilig bilete frå ein fest, eller kanskje det blir mest bilete av ungane om dei er komne...? Det er veldig fint å ha varme, gode bilete av seg sjølv med partnaren også utan all stasen som er på bryllupsdagen. Ikkje minst er dei kjekke å ha til invitasjonar, gjestebok eller i ein biletpresentasjon på veggen i bryllupslokale. Eg har faktisk vore i bryllup der eit av bileta frå kjærastfotograferinga vart brukt som SVÆR back drop bak brudeparet under middagen. Veldig stilig!

"Korleis fotograferer du bryllaupet? Vimsar du rundt oss heile tida, liksom?"

Eg ynskjer at de skal sitte igjen med bilete som viser spenninga, gleda, og kjærleiken frå dagen dykkar. Bileta blir ei dokumentarisk reise gjennom dagen, samt dei klassiske bryllupsportretta. Eg er rundt dykk og fotograferer det som skjer, og tek styringa under portrettfotografering når de lurer på korleis de skal stå og kvar de skal sjå. For dykk er dette nytt, eg har gjort det mange gonger før! Eg har fotografert 35+ brudepar i mange settingar, og mang slags ver.

"Kva tid betalar me?"

Kort tid etter du booker datoen, sender eg dykk kontrakt samt første delbetaling på 30% av totalt beløp. Dette er for at eg skal halde av datoen til dykk når andre spør om same dato. Det vert sendt faktura på resterande beløp eit par veker før bryllupsdagen.

"Kva tid får me bileta våre?"

Du får biletfilene dine i eit privat biletgalleri max 6 veker etter bryllupet. Frå galleriet kan du laste dei ned, og dei er klare til framkallinger eller delinger på sosiale media. Du kan også bestille kvalitetsprodukt gjennom meg, brudepar får alltid 20% på alle produkt av bilete frå bryllupsdagen.

"Kor mange bilete får me?"

Frå ei heildagsfotografering vil de som regel få 400-500 biletfiler.
Halvdagsfotografering: 300-400 filer.
Vigsle + portrett: omlag 100-200 filer.

"Leverer du album?"

Ja! Og dei er rålekre! Eg leverer kvalitetsalbum i fleire typar, storleikar og fargar frå fotolab/fagtrykkeri for profesjonelle fotografer. Dei kan ingen måte samanliknast med album kvarmansen kan bestilla på nett.
Du kan også bestille print i ulike utformingar og i alle storleikar, og innramming gjennom meg.

"Men det er så kleint å bli fotografert!"

Å være bryllupsfotograf er ikkje for alle, først og fremst må ein ha god humor.. Neida. Men kommunikasjonen er viktig! Derfor blir me også kjent gjennom planleggingsmøter og gjerne ei kjærastfotografering. Sistnemnde har senka mange stive skuldrer: fotograferinga er jo noko å gle seg til, ikkje grue seg til!
Eg er oppteken av å få fram gleda de har for kvarandre, og at de gløymer litt at eg er der.

Send meg ei melding under om du lurar på noko, eller har lyst å booke fotografering.

Eg svarar så raskt eg kan.