Familie // Barn

1500,- (kun fotografering)

Det er alltid ein grunn til at det ikkje passar med fotografering akkurat no. Me ventar til han kan gå sjølv, eller har slutta med bleie, skal berre klippe alle først, ho må berre ha av reguleringa.. Og brått så har ungane flytta ut (det er fortsatt ikkje for seint å ta familiebilene, forresten).
Tida går så fort, og alle aldrar har si sjarm. Og årstider. Det passar alltid.

Visste du at det styrkar born si sjølvkjensle å sjå seg sjølv på veggen i heimen?

Ynskjer du å bestille fotografering, eller kanskje du lurar på noko? Send meg ei melding! Eg svarar så fort eg kan.

Fotografering


Studioet mitt er ute i det fri. Eg kan komme til ein stad de har tilknytning til, om ikkje har eg fleire fine forslag.

Fotograferinga tek rundt ein time.

Pris for fotografering er 1500,-, (faktura i etterkant).

Gjennomsyn


De får tilgong til bileta i eit personleg online-galleri per e-post. Her velger de ut favorittar til bestilling av dei produkta de måtte ynskje.

De får også tilsendt forslag på album, dette kan de vidare vere med å forme sjølv, eller takke nei til.


Nyhet: produkt


De bestiller produkt av dei bileta de ynskjer. Dette er kvalitetsprodukt frå dei beste print-labane i landet, og utlandet. Dette er print som er meint å vare i generasjonar. Eg tek med nokre demoprodukt på fotograferinga, du kan lese om fleire under Produkter i menyen.

Det fylgjer med web-filer av bileta de kjøper produkter av, kjekke til mobilgalleriet og store nok til å bestille takkekort/julekort av.

Ved booking, skriv namn og alder (gjeld born) på alle som skal fotograferast.